Arne Løfsgaard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arne Løfsgaard
Fødd 21. oktober 1887
Åsnes
Død

26. februar 1974

Yrke politikar, bonde

Arne Adolf Løfsgaard (21. oktober 188726. februar 1974) var ein norsk gardbrukar frå Åsnes i Hedmark, stortingsmann 1928-33 for Bondepartiet.

Løfsgaard var frå storgarden Løfsgård i Åsnes herad. I 1907-08 gjekk han Jønsberg landbruksskole i Stange, tre år etter han tok eksamen på landbruksskulen tok Løfsgaard over farsgarden og dreiv den i lang tid.

Løfsgaard var heradsstyremedlem i Åsnes frå 1916 til 1928, siste tre åra som ordførar. Hausten 1927 vart han vald til stortingsmann frå valkrinsen Hedmark, vald for Bondepartiet. Den fyrste sesjonen som tingmann var han frå 14. mai permittert ut sesjonen og vart erstatta av Andreas Hemma. På Stortinget var Løfsgaard 1928-30 medlem i Næringskomité nr 2, etter attvalet i 1930 hadde han 1931-33 sete i Helsekomiteen. Sidan på ny med i herradsstyret i Åsnes perioden 1934-37.

Løfsgaard var kommisjonær for Akers Sparebank frå 1926 og styremedlem i Aasnes Privatbank til banken vart innlemma i Den norske Creditbank. Han var også styreformann i Flisa Aktiemeieri og aktivt med i luthersk misjonsarbeid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Stortingsbiografi