Arne Lekve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arne Lekve
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. januar 1778
Død

7. juli 1862 (84 år)

Arne Brynjelsson Lekve (5. januar 17787. juli 1862) var ein norsk skulelærar, gardbrukar og klokkar frå Ulvik som var stortingsmann i 1821.

Lekve var fødd på garden Lekve i Ulvik, der far hans var gardbrukar og klokkar. Frå 1793 var han omgangsskulelærar i heimbygda og tok i ung alder over farsgarden då far hans døydde. Fram til 1854 var han òg kyrkjesongar i tre kyrkjer i Ulvik prestegjeld.

Lekve var valmann til riksforsamlinga 1814 og fleire gongar seinare. I 1819 var han medlem av matrikkelkommisjonen og i 1821 representere han Søndre Bergenhus amtStortinget, så vel som på omframtstortinget 1822. Han var i 1821 medlem i tre komitear, av dei om odelslova og om skulestellet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]