Arne Lothe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Arne Lothe (fødd 22. mai 1938) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar og politimann frå Sandane i Gloppen kommune. Han vart norsk meister i sleggjekasting i 1967, 1968, 1972, 1973 og 1974. I tillegg vann han i perioden 1964-76 fem sølv- og to bronsemedaljar i norske meisterskap. Lothe var medlem i TIF Viking til 1970, sidan i Idrettslaget Gular.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Lothe kasta over 60 meter fyrste gongen i 1963-sesongen. I ein «landskamp» mellom Vest-Noreg og Island på Aksla stadion i Ålesund smelte han til med 61,60 m. Året etter forbetra han sitt personbeste til 62,00 m i Odda. Same sesongen lukkast han vinne si fyrste NM-medalje, med di han under NM i friidrett 1964 sikra seg bronsen bakom Oddvar Krogh, noregsmeisteren, og Sverre Strandli.

I 1967-sesongen forbetra Lothe den personleg rekorden tre gongar, sist til 62,88 m då vann sitt fyrste NM-gull i Trondheim. Han forsvarte meistertittelen i 1968 og flytta i september personbeste til 62,96 m ved eit internasjonalt stemne på Krohnsminde i Bergen. Dei neste åra vart han sølvmedaljør i tre noregsmeisterskap på rad, 1969-71, desse sesongane var Magne Føleide norsk einar i sleggjekasting.

Lothe gjorde personbeste 11. mai 1971 med 63,32 m då han vart andremann i øvinga i landskampen mot Romania i Constanta. I same byen sette han personleg rekord med 64,26 m i ein ny landskamp mot Romania 22. september 1973, ein rekord han året etter flytta til 64,30 m i Halden. Åra 1972-74 vann Lothe tre NM-gull etter einannan. Han avslutta medaljehausten i NM med sølv i 1975 og 1976, då med Arild Busterud som sin overmann. Den 19. juni 1975 gjorde Lothe sitt livs lengste kast heim på Krohnsminde der sleggja landa etter ei luftferd på 65,16 meter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]