Arne Møller (1960)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arne Møller
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. april 1960 (64 år)
Idrett fotball

Arne Møller (fødd 6. april 1960) er ein norsk fotballtrenar og tidlegare spelar. Han var Brann-spelar i tida 1979-88, frå hausten 1988 til 1990 splete han for greske Aris Thessaloniki. Midtbanspelaren Møller var med å vinne den norske cupfinalen i 1982 med SK Brann. Også i 1987 og 1988 spelte Brann og Møller cupfinalar, desse enda med tap. I 1986 og 1987 spelte han fire landskampar for Noreg, utan å kome på skåringslista.

Møller har vore trenar for Fana IL på nivå to, og var sportsrektør i Brann 2000-02. Seinare har han vore trenar for kvinnelaga IL Sandviken og i 2014 i Avaldsnes IL.

I 2004 gav Møller ut boka Frispark - kunsten og den bevisstløse fotballen.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Noregsmeister: 1982 med SK Brann
  • Tapande cupfinalist: 1987 og 1988

Kjelder[endre | endre wikiteksten]