Arne M. Sølvberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Arne M. Sølvberg (fødd 30. november 1950) er ein prisløna norsk folkemusikar, folkedansar og sauebonde frå Stryn i Nordfjord. Han spelar både vanleg fele, hardingfele og fleire typar fløyter. Dessutan er han ein god historieforteljar.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Arne M. Sølvberg voks opp i Stryn. Han gjekk Norges Idrettshøgskule som militær elev og gjorde deretter teneste som idrettsoffiser i Luftforsvaret i åtte år. I 1979 reiste han heim til Stryn og overtok farsgarden på Fjelli, der han har drive med sau. Han har vore involvert i Spelemannslaget Fjelljom frå Stryn sidan starten, og musikalsk leiar frå 1979. Sølvberg har hatt Statens kunsnarstipend i to periodar på til saman 5 år. Frå 1989 til 1993 var han tilsett i Sogn og Fjordane fylkeskommune si fylkesmusikarordning. Han har teke grunnfag i folkedans ved NTNU.[1] Sølvberg har både vore med på å gje ut fleire folkemusikkplater, og slåttar og melodiar han har komponert har vorte spelt inn av andre artistar.[2]

Arne M. Sølvberg fekk i oppdrag frå Landslaget for spelemenn og Noregs Ungdomslag å komponera ein melodi til Kong Olav V sin 80-årsdag, den 2. juli 1983. Melodien fekk tittelen Kongeslåtten og vart framført på den store dagen utanfor slottet med 150 spelemenn.

Sølvberg har gjeve feleundervising ved Ole Bull AkademietVoss, og vore sensor i eksamen både her og ved Norges musikkhøgskole i Oslo. I tillegg har han gjeve timar ved Stryn kulturskule. Vidare har han sete i styret for Landslaget for spelemenn og frå 2004 - 2007 var han leiar for Rådet for folkemusikk og folkedans. [1] I 1979 sleppte Arne M. Sølvberg si fyrste soloplate, Folkelege takter frå Nordfjord,utgjeve på EMI NORSK A/S (innspelt i 1976).

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Ny glød (soloutgjeving) (Lærdal Musikkproduksjon, 2013)
  • Korri korri (Spelemannslaget Fjelljom 2012)
  • Ved Jakupsteinen (Arne M. Sølvberg og Kjell Plassen) (Norild 2010)
  • Kveik (soloutgjeving) (eiga utgjeving, 2005)[1]
  • Laget for folkemusikk, div. artistar (ta:lik, 2003)
  • Blomsten i Stryn (Bolstadensemblet m. fl.) (Heilo 2000)
  • Høgdepunkt, Førde internasjonale folkemusikkfestival 1990 – 1999 (Heilo 1999)
  • Song og spel i Stryn (Spelemannslaget Fjelljom 1997)
  • Nordfjordslåttar - I tradisjon etter Jon Rosenlid og Samuel Bergset (Grappa Musikkforlag, 1996)
  • Syngande strenger (med Øyvind Lyslo) (Heilo, 1990)
  • Folkelege takter frå Nordfjord (soloutgjeving) (EMI NORSK A/S 1979)
  • Hei hopp og dans (Arne Knapperholens kvartett med Arne Sølvberg) (Euronett 1975)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]