Arne Magerøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Arne Martin Magerøy (14. mai 187928. januar 1953) var ein lærar og lokalhistorikar frå ÅlvundeidNordmøre, bror til Nils Magerøy.

Magerøy vart uteksaminert frå lærarskulen i Levanger i 1899. Dei neste åra var han lærar i Aukra i Romsdal og i Helgelands-bygdene Vik og Velfjord. Til sist underviste han i skulen i Fræna i Romsdal i lang tid.

Magerøy var aktiv i fråhaldsrørsla og i misjonsarbeid. Frå 1943 gav han ut fleire skrift med lokal kultur- og slektshistorie. Fyrst ut var Gamle visor og kvedor, i 1946 kom Hans Nielsen Hauges verksemd i Møre og Romsdal, begge i lag med broren Nils Magerøy. Arne Magerøy samla dessutan inn mykje tilfang til ei bygdebok om Eide, medan skriftet Riddarsalen kom ut posthumt i 1955.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]