Arne Magnussen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arne Magnussen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. mars 1884
Moss kommune
Død

3. september 1970 (86 år)

Yrke politikar, fagforeiningsleiar
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet, Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti
Arne Magnussen på Commons

Arne Magnussen (31. mars 18843. september 1970) var ein norsk postmann, politikar og byråkrat frå Moss. I periodane 1919-27 og 1931-1933 var han stortingsmann for både Arbeidarpartiet og Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti.

Magnussen var son til ein lærar. Han byrja arbeide i Postvesenet i 1899, der han hadde stilling som postbod, postassistent og i tida 1916-33 som postekspeditør. Med offentleg stipend studerte han poststellet i Sverige, Danmark og Tyskland, og med midlar frå eit legat fekk han også studere svensk og dansk sosialpolitikk.

Ved sidan av postyrket jobba Magnussen frå 1912 for arbeidaravisa Moss Socialdemokrat, frå 1913 som redaktør. Då det etter 1918 braut ut indre strid i Arbeidarpartiet markerte han seg på høgrefløya i partiet. Han starta i 1920 Ekstrabladet og seinare Moss Arbeiderblad, ei avis som var talerøyr for Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti, etter at det partiet vart skipa i 1921. Han var redaktør i avisa til 1933.

Magnussen var ein sentral person i styringa av Moss i over tre tiår. Han var medlem av formannskapet og bystyret frå 1910 til 1933, ordførar 1922-25 og varaordførar i 1916-18 og 1930-33. Heile denne tida hadde han ei lang rekke kommunale verv, som medlem av skulestyret, fattigstyret, leiar av krinssjukekassa, medlem i Ferjekomiteen Horten-Moss av 1928 og i styret for Våk skolehjem. Frå 1933 var Magnussen borgarmeister/rådmann i Moss til han vart avsett i 1944, men fekk tilbake stillinga i januar 1946.

Magnussen representerte i valperioden 1919-21 kjøpstadene Moss og DrøbakStortinget, vald for Arbeidarpartiet. Frå 1922 til 1927 representerte han kjøpstadene i Østfold og Akershus fylke, det vil seie Fredrikshald, Sarpsborg, Fredrikstad, Moss og Drøbak, men då vald for NSA (sosialdemokratane). Etter å ha vore ute or stortinget ein periode, kom han tilbake som representant for det samla Arbeidarpartiet perioden 1931-33. På Stortinget var Magnussen 1919-21 og 1925-27 sekretær i Universitets- og fagskulekomiteen, 1922-24 sekretær i Konstitusjonskomiteen og 1931-33 medlem i Protokollkomiteen. Han medlem av Riksretten 1926-27.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]