Arne Meidell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arne Meidell

Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. november 1894
Død

8. august 1963 (68 år)

Yrke advokat, direktør, forretningsdrivande
Far Kristian Garup Meidell

Arne Meidell (17. november 18948. august 1963) var ein norsk industrimann og høgsterettsadvokat frå Oslo.

Meidell var son til ein høgsterettsadvokat og tok i 1916 sjølv jus-eksamen, advokatløyve hadde han frå 1925. I åra frå 1922 til 1933 var han fyrst disponent, seinare administrerande direktør i AS Lilleborg Fabrikker. Sidan var han frå 1934 generaldirektør i AS Borregaard, seinare også styreformann i selskapet.

Meidell hadde gjennom åra ei mengd tillits- og styreverv, både i banknæringa, industrien og handelsnæringa. Han var 1945-51 formann i Norges Eksportråd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]