Arne Morten Granlien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arne Morten Granlien
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. april 1955
Lillehammer
Idrett kombinert
Yrke kombinertløpar

Arne Morten Granlien (fødd 6. april 1955) er ein tidlegare norsk kombinertløpar fødd på Lillehammer, som vann bronsemedaljen i øvinga under noregsmeisterskapane 1978-80. Alle tre meisterskapane vart han slått av noregsmeisteren Tom Sandberg og sølvvinnaren Hallstein Bøgseth. Granlien er busett i Vestre Gausdal og representerte Vestre Gausdal Idrettslag.

Granlien kom på 10. plass i kombinert i VM på ski i 1978. Han deltok under vinter-OL for Noreg i 1980 i Lake Placid, men utan å fullføre kombinertrennet.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1977: Nr 12 i Holmenkollen
  • 1978: Nr 10 i verdsmeisterskapen i Lahti, og nr 8 i Holmenkollen
  • 1979: Nr 8 i Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]