Arne Moslåtten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arne Moslåtten
Arne Moslåtten 01.jpg
Fødd 4. april 1948
Yrke musikar, komponist, gitarist
Arne Moslåtten på Commons

Arne Moslåtten (fødd 4. april 1948) er ein norsk musikar, komponist, musikklærar og rektor, men han er mest kjend som tekstforfattar og medlem av bandet Hellbillies.

Moslåtten handsamar fleire instrument, både fløyte, trekkspel og gitar. Han er utdanna faglærar ved Musikkonservatoriet i Bergen. I 1978 blei han rektor ved Ål musikkskule. I 1979 blei han med som gitarist i Toradertrioen og del av Tore Løvgreens orkester. Han har òg spela i Kåd'nbandet som ofte blir rekna som utgangspunktet for Hellbillies.

Moslåtten har lang erfaring innan folkemusikk og vann i 1986 Landskappleiken i klassa for «eldre folkemusikkinstrument». I tillegg har han turnert for Rikskonsertane. Han har fleire komposisjonar bak seg, mellom anna bestillingsverket «Brureferdi» i 1994.

Forfattar[endre | endre wikiteksten]

Moslåtten er medforfattar til eit undervisningsverk som omhandlar folkemusikken i Buskerud – «Kvint og kvart». Men han er likevel mest kjend for si rolle i Hellbillies. Songane blir omtala som sikre og presise i form, og med eit tematisk mangfold med presise observasjonar frå norsk bygdeliv. «Moslåttens tekster er så litterære at de er verd et nærmere studium» (Sveinung Nordstoga).

I 2008 vann han Edvard-prisen for tekstane til Hellbillies-plata Spissrotgang.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]