Arne Nilsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arne Nilsen
Fødd21. januar 1924
Bergen
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar

Arne Nilsen (fødd 21. januar 1924) er ein norsk jarnbanemann og politikar fødd i Bergen, oppvaksen på Voss. Han representerte Hordaland og ArbeidarpartietStortinget i tida i 1965-85. I tida 1978-81 var han statsråd i Nordli- og Brundtland-regjeringar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Nilsen var son til ein murar. Etter mellomskule-eksamen i 1940 fekk han i 1941 tilsetjing i Norges Statsbaner og arbeidde i selskapet til 1965. Etter eksamen ved Jernbaneskolen i 1945 var han telegrafist til 1960, deretter ekspeditør og til sist fullmektig ved jarnbanen, heile tida med Voss som tenestestad.

Nilsen var medlem i heradsstyret på Voss frå 1952 til 1967, ordførar 1960-63. Ved stortingsvalet i september 1965 vart han vald til å representere Hordaland fylke på Stortinget, og med fire attval vart han verande tingmann i 20 år. Han var frå 1965 til 1977 medlem i Kommunalkomiteen, som nestformann 1969-73 og formann 1973-77. Hausten 1977 vart han vald til formann i Finanskomiteen, men allereie 11. januar 1978 vart han utnemnd til statsråd i Kommunal- og arbeidsdepartementet. Den 8. oktober 1979 flytta statsminister Odvar Nordli han over til Sosialdepartementet. Nilsen vart verande sosialminister då Gro Harlem Brundtland tok over som norsk statsminister 4. februar 1981, og han gjekk av saman med den fyrste Brundtland-regjeringa i oktober same året. I si femte stortingsperiode var Nilsen 1981-85 medlem i Forbrukar og administrasjonskomiteen og president i Odelstinget.

Frå 1970-åra og fekk Nilsen plass i ei rad nasjonale utval og styre. Mellom anna var han medlem 1971-77 i Hovedkomiteen for reformer i lokalforvaltningen, styremedlem 1972-76 i Statens fiskarbank og 1974-77 i Norsk institutt for by- og regionforskning og 1986-94 i Norges Statsbaner.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]