Arne Olaus Fjørtoft Garborg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arne Olaus Fjørtoft Garborg
Fødd 25. mai 1888
Død

1968

Yrke bibliotekar, skribent

Arne Olaus Fjørtoft Garborg (25. mai 18881968), gjerne tiltalt som «Tuften», var ein norsk bibliotekar og forfattar, tilsett på Universitetsbiblioteket i Oslo. Han arbeidde med å samanfatta bibliografien til far sin, Arne Garborg.

Han var einebarn av Arne og Hulda Garborg. Barndomen hans er mykje omtala i foreldras dagbøker, brev og avisartiklar. Han var oppkalla etter faren og etter «Noregs første sosialist», Olaus Fjørtoft.

Arne O. Garborg tok over barndomsheimen Labråten i Hvalstaddalen i Asker kommune, der han budde saman med kone og barn. Huset er i dag museum. Her heng Gustav Wentzel sitt måleri Tuften på ski.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Norske aviser, 1763-1920. Fortegnelse over aviser som finnes i Universitetsbiblioteket og andre samlinger (Oslo. Universitetsbibliotekets årbok. 1923. pt. 2.)