Arne Paasche Aasen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arne Paasche Aasen
Fødd18. juni 1901
FødestadSteinkjer
Død1. november 1978
DødsstadOslo
OpphavNoreg
Verka somjournalist, lyrikar

Arne Paasche Aasen (18. juni 19011. november 1978) var ein norsk forfattar og lyrikar. Han er òg kjend under pseudonymet Dorian Red, og han gav ut fleire dikt under dette namnet i Arbeiderbladet i åra før og etter den andre verdskrigen.

Aasen var son av Augusta Aasen (fødd Paasche) og Edolf Aasen.[1] Han var fødd i Steinkjer, men voks opp i Oslo.[1] Gjennom fleire år var han aktiv i Oslo Arbeidersamfunn og Arbeidarpartiet. Saman med komponisten Jolly Kramer-Johansen var han opphavsmann til fleire kjende arbeidarsongar, som «Frihetens forpost» og «Vi bygger landet». Det kanskje best kjende diktet hans er «De nære ting», som er tonesett og framført som vise av Kurt Foss og Reidar Bøe. Ein annan kjend tekst er «Blåveispiken» («Jeg går og rusler på Ringerike»), som også er tonesett, og som Kurt Foss og Reidar hadde en stor slager med. Han skreiv også dei norske tekstane til «White Christmas» («Min barndoms jul»), «Edelweiss» og «My Favorite Things» («Sånt liker jeg best»).

Frå 70-årsdagen sin i 1971 mottok Paasche Aasen æresgasje av Arbeiderpartiet, LO og Tiden Norsk Forlag.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Sigd og hammer (1921)
  • Høstens have (1923)
  • Plog og penn (1930)
  • Verden vårt hjem (1931)
  • Nakne livet (1935)
  • Blomster og brød (1937)
  • Pytt i panne (som Dorian Red, 1937)
  • Herrefolk og andre fe (som Dorian Red, 1945, samling av dikt publisert i Sverige under krigen)
  • Gudskjelov-kvelden (som Dorian Red, 1948)
  • Bak hvert vindu (1950)
  • De vandrer under stjerner (1959)
  • Lengselens gate (1967)
  • Det går så god en veg (1974)
  • Prosa i utvalg ved Martin Nag (1978)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Trond Henriksen, «Arne Paasche Aasen», Norsk Biografisk Leksikon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]