Arne Risa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arne Risa
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. mai 1944 (79 år)
Bergen
Yrke langdistanseløpar, hinderløper
Høgd 175 centimeter

Arne Roald Risa (fødd 5. mai 1944) er ein norsk tidlegare langdistanseløpar frå Bergen. Han vart nummer seks på 3000 m hinder under EM i friidrett 1969 i Athen. Mellom 1968 og 1974 vann han sju norske meisterskap på bane, fem på 10 000 m og to i hinderløp. Han var medlem av Idrottslaget Gular i Bergen. Personlege rekordar: 8.31,6 på 3000 m hinder, 13.41,0 på 5000 m og 28.24,4 på 10 000 m.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Risa kom opp på nasjonalt toppnivå på langdistansane i 1967-sesongen. Beste prestasjonen kom på 3000 m hinder på Bislett stadion i slutten av august, der han fylgde den norske rekordhaldaren på distansen, Thor Solberg, så å seie til målstreken. Solberg forbetra sin årsgamle rekord til 8.38,4 medan Risa fekk 8.38,8. Under noregsmeisterskapen på Lerkendal stadion i Trondheim tok Risa si fyrste NM-medalje, også då var Solberg for sterk i hinderøvinga.

I landskampen mot Sverige i Uddevalla i juni året etter forbetra Risa noregsrekorden i hinder med to små tidels sekund til 8.38,2, men vart nummer to etter den sterke svensken Bengt Persson. Derimot vann han då han sette personleg rekord på 10 000 m med 29.44,6 i den same landskampen. Med eit løp på 13.54,8 kom han også under 14 minuttar på 5000 m i den same OL-sesongen.

Midt i oktober 1968 var Risa på plass i OL-byen Mexico der han i den tynne lufta i det fyrste av tre heat kom inn på 9.07,2 og kvalifiserte seg til finalen med god margin. I finalen klarte han ikkje å fylgje dei sju som tok dei fyrste plassane i løpet, men vart nummer åtte på tida 9.09,0.

Under NM 1969 i Fana vart Risa dobbelmeister, ettersom han vann 3000 m hinder på fredagen og 10000 m på søndagen. Hinderøvinga vann han med elleve sekundars margin til lagkameraten Sverre Sørnes, medan han på 10 000 m slo sølvvinnaren med over ei runde. Likevel var det overraskande at han under europameisterskapen i Athen skulle springe i mål som sjettemann på 3000 m hinder på sterke 8.34,4, ny norsk rekord med fire sekundar. I 1969-sesongen tok han også over noregsrekorden på 10 000 m då han presterte 28.46,4, ei rekordforbetring på i overkant av sju sekundar.

Risa sprang 5000-meteren på 13.41,0 i 1970, årsbeste i Noreg den sesongen og hans snøggaste løp på distansen nokon gong. På 10 000 m presterte han som best 28.49,2 det året, men det var på 3000 m hinder han imponerte. Den 5. august pressa han verdsrekordhaldaren Kerry O`Brien frå Australia heilt til målstreken under Bislett-leikane og kom i mål på 8.31,6, men var likevel to tidels sekund for seint ute, ettersom Ståle Engen seks dagar i førevegen hadde sett norsk rekord med 8.31,4.

Åra 1969-72 vann Risa NM-gullet på 10 000 m med klar margin alle gongane. Under landskampen mot Sverige på Bislett i juni 1971 vart han nummer to på distansen med personleg bestetid 28.44,6, men han mista likevel noregsrekorden då det var landsmannen Per Halle som vann løpet på tida 28.36,4. Risa tok tilbake rekorden då han under EM 1971 i Helsingfors kom i mål på 28.24,4, ei tid som berre heldt til ein 14. plass. Finnen Juha Väätäinen overraska og vann på den sterke tida 27.52,8.

Risa heldt fram å prestere på eit topp nasjonalt nivå fram til 1976, både på 10 000 m og 3000 m hinder. Men tevlinga vart tettare både nasjonalt og internasjonalt, så prestasjonane vart lagt mindre merke til.

Plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • OL 1968 i Mexico by: Nr 8 på 3000 m hinder – 9.09,0
  • EM 1969 i Aten: Nr 6 på 3000 m hinder – 8.34,4
  • EM 1971 i Helsingfors: Nr 14 på 10 000 m – 28,24,4. Utslått i kvalifiseringa på 3000 m hinder (8.35,6 =nr 14)
  • OL 1972 i München: Utslått i kvalifiseringa både på 5000 m (14.01,6) og 10 000 m (28.31,7)
  • EM 1974 i Roma: Nr 17 på 10 000 m – 29.07,4, utslått i kvalifiseringa på 3000 m hinder (8.58,8)

Medaljar i norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1967: Sølv på 3000 m hinder (8.52,8) bakom Thor Solberg 8.49,8
  • 1968: Gull på 3000 m hinder – 8.50,8
  • 1969: Gull på 3000 m hinder (8.43,8) og på 10000 m (29.37,0)
  • 1970: Gull på 10 000 m – 29.23,6
  • 1971: Gull på 10 000 m (29.36,4) og sølv på 3000 m hinder (8.43,6), bakom Sverre Sørnes (8.43,2)
  • 1972: Gull på 10 000 m – 29.07,0
  • 1973: Bronsemedaljar på 10 000 m (29.50,8) og 3000 m hinder (8.47,0)
  • 1974: Gull på 10 000 m – 29.36,2

Kjelder[endre | endre wikiteksten]