Arne Sørli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arne Sørli
Fødd2. april 1904
Død17. mai 1969 (65 år)
OpphavNoreg
Verka sommusikar, komponist

Arne Sørli (fødd 2. april 1904 på Sørum i Akershus fylke, død 17. mai 1969 i Tromsø) var ein norsk komponist.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Familien flytta til Oslo då dei fire sønene byrja på realskolen. Arne Sørli var som faren og brørne særs musikalsk. Han var i tillegg svært språkmektig,og utdanna seg difor som filolog. Han las 19 språk, dei nordiske medrekna, og var spesielt oppteke av den finsk-ugriske språkgruppa. Delvis difor var han interessert i nordområda (Nordkalotten), og søkte stilling som adjunkt ved Harstad gymnas i 1938.

Hausten 1940 flytta han over til Tromsø gymnas, og der var han lektor dei fleste yrkesaktive åra sine. Han var heile tida aktivt med i byen sitt musikkliv. I perioden 1959-61 tok han eit vikariat i Karasjok for å gjere seg nærare kjent med samisk språk, musikk og kultur, som han hadde stor respekt for. Her komponerte han, inspirert av ein samisk joik, melodien til «Sàmi Soga làvlla» (Samefolkets song), som med tekst av Isak Saba vart godkjent som samisk nasjonalsong i 1992 (av det Nordiske Samerådet i 1986).

Arne Sørli skreiv og arrangerte ein del musikk (mellom anna «Gammal salmetone frå Sørum».) Hovudinstrumenta var cello og trombone og dessutan ventilbasun, men han beherska fleire andre instrument. Under eit fireårig opphald på Tynset gjorde han seg kjent med den nordøsterdalske musikktradisjonen, og lærde seg å spele neverlur. Under eit internasjonalt musikkstemne i Oslo midt på femtitallet opna han stemnet med lurlåten «Kjenningslåt», som vart teke opp på lydbånd, og no blir brukt i eit av ungdomsskulen sine musikkverk.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]