Arne Sandstø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arne Sandstø
Personleg informasjon
Fødd21. oktober 1966 (53 år)
FødestadBergen i Noreg
SpelarposisjonMidtbane (Lagt opp)
Trenarlag
ÅrLag
1999-2007Odd Grenland
2008Start
2009Notodden
2009-2011Løv-Ham
2011-Sandefjord Fotball

Arne Sandstø (fødd 21. oktober 1966) er ein norsk fotballtrenar frå Bergen, som i mai 2011 tok over som trenar i Sandefjord.

Som spelar har han spelt for Brann, Tennis Borussia, Hertha Berlin, Lillestrøm og Odd Grenland.

Saman med Gaute Larsen delte han trenaransvaret for eliteserielaget Odd Grenland, eit verv som han overtok i 1999 etter Tom Nordlie. I 2000 leia han Odd Grenland til noregsmeister.

Arne Sandstø vart løyst frå kontrakten sin i Odd 28. september 2007, etter sju år som trenar i klubben.[1] Etter det vart han mellom anna kopla til Aalesund, men vart 4. november 2007 klar som ny hovudtrenar for Start. Han forlét så Start etter sesongen 2008 var slutt.[2] Då hadde han ført klubben til nytt opprykk. Hausten 2009 var Sandstø hovudtrenar for Notodden Fotballklubb.[3] Etter sesongen 2009 vart han klar som trenar for Løv-Ham.[4] I slutten av mai 2011 sa han opp trenarjobben sin i Løv-Ham for å bli trenar for Sandefjord Fotball.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]