Arne Strøm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arne Strøm

Fødd1. oktober 1901
Død2. april 1972 (70 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet, Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti
Yrkepolitikar
MedlemEuroparådets parlamentarikerforsamling
Alle verv

Arne Torolf Strøm (1. oktober 19012. april 1972) var ein norsk politikar frå Oslo som var aktiv for Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti og Arbeidarpartiet. Stortingsrepresentant frå 1945 til 1961.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Far til Strøm arbeidde i postvesenet. Sjølv tok han telegraf- og radiodutdanning og arbeidde som fullmektig i teleyrket frå 1931. Frå 1930 til 1946 redigerte han i Telegrafbladet. Avdelingssjef i Telegrafverket 1948-61 og distriktssjef i Østfold frå 1962 til -71. I tida 1945-59 var han formann i Telegrafmennenes Landsforbund.

På 1920-talet engasjerte Strøm seg for Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti og var leiar av ungdomsorganisjonen (NSU) i partiet frå 1926. Året etter var han sentral i forhandlingane som leia til at NSU og Venstrekommunistisk Ungdomsfylking, Arbeidarpartiet sin ungdomsorganisasjon, vart slått saman til Arbeidernes Ungdomsfylking. Det sosialdemokratiske moderpartiet slo seg samstundes saman med Arbeidarpartiet.

Under den tyske okkupasjonen av Noreg vart han arrestert og internert i fangeleiren Grini frå 28. februar 1943. Fire månader seinare vart han send til Sachsenhausen i Tyskland, fyrste då andre verdskrigen var over vart han sett fri.

Strøm representerte Arbeidarpartiet og Akershus fylke på Stortinget frå 1945 til 1961. I den fyrste valbolken var han sekretær i Odelstinget. Deretter var han dei to neste valperiodane varapresident i Lagtinget, før han den siste fireårsbolken var president i same. Frå 1945 til -50 var han medlem av Post-, telegraf- og kystfartskomiteen, deretter av Utanrikskomiteen til 1954. Resten av tida Stortinget var han medlem av Samferdslekomiteen, frå hausten 1956 om nestformann.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok X.