Arne Wilhelmsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arne Wilhelmsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. juni 1929
Oslo
Død

11. april 2020 (90 år)
Palma

Yrke forretningsdrivande, reiar
Språk norsk
Far Anders Wilhelmsen

Arne Wilhelmsen (15. juni 192911. april 2020) var ein norsk forretningsmann og skipsreiar.[1]

Wilhelmsen var fødd i Oslo. Han var utdanna ved Harvard Business School, der han i 1953 fekk graden Master of Business Administration.[2] Før utdanninga var han i 1948 dekksgutt i Wallenius Lines, i 1950 befraktningsassistent i E. B. Lund & Co og i tida 1950-1951 skipsmeklar i New York. Han var òg skipsmeklar same stad 1953-1954.

Wilhelmsen arbeidde frå 1954 i reiarlaget til familien, Anders Wilhelmsen & Co AS, der han i 1961 vart administrerande direktør. Han var sentral i etableringa av cruisereiarlaget RCCL i 1969.[3] Wilhelmsen hadde ei rekkje styreverv i norsk og utanlandsk næringsliv og har hatt verv i ulike norske bransjeorganisasjonar, mellom dei Noregs Rederiforbund og Arbeidsgjevarforeininga for skip.

Wilhelmsen vart i 2005 forfremma til kommandør av St. Olavs Orden for «samfunnsgavnleg virke.»[4] Han var òg kommandør av Finlands løves orden og riddar av Æreslegionen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rie Bistrup: «Eit grepa rokar», Aftenposten, 1. august 1992, s. 17.
  2. Grete de lange: «Lavmælt redar i cruise», Aftenposten, 24. april 1992, s. 34.
  3. NACC Achievement Award to Arne Wilhelmsen[daud lenkje], norway.com, 3. oktober 2009
  4. «Tildeling av ordenar og medaljar: Søk i arkivet», kongehuset.no