Arne Zwaig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arne Zwaig
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. februar 1947
Oslo
Død

12. april 2022 (75 år)

Idrett sjakk
Tok del i

Sjakk-OL 1962, Sjakk-OL 1964, Sjakk-OL 1966, Sjakk-OL 1968, Sjakk-OL 1972, Sjakk-OL 1974

Arne Zwaig (6. februar 194712. april 2022) var ein norsk sjakkspelar.

Arne Zwaig vart Noregsmeister i sjakk i 1964 og 1969.[1] Han var som 17-åring den yngste som hadde vunne noregsmeisterskapen i sjakk, fram til Simen Agdestein slo rekorden ved å bli noregsmeister som 15-åring i 1982.[2]

Arne Zwaig vart i 1975 utnemnd til internasjonal meister i sjakk (IM) av Verdssjakkforbundet FIDE[3], som den fjerde frå Noreg med denne tittelen. Det første IM-nappet klarte han i sjakk-OL i Nice i 1974, der han tok 13 poeng på 19 parti på 3. bord.[4] Han vann vann så Astoria Chess International på Hamar 6-10. januar 1975 med 7,5 poeng på 9 rundar, og hadde dermed oppfylt krava til tittelen.[5] Deretter vann han for ordens skuld også den internasjonale turneringa i Sandefjord i påska i 1975, med 7 poeng på 9 rundar, og klarte eit IM-napp til.[6]

Arne Zwaig deltok på det norske laget i sjakk-OL (lag-VM i sjakk) 6 gongar, første gong som 15-åring i 1962, deretter i åra 1964-1966-1968 og 1972-1974. [7]

Arne Zwaig vart junior-Noregsmeister i 1961, berre 14 år gamal. Han klarte delt 4-8. plass i junior-VM i 1963, og ein 4. plass i junior-VM 1965. Han var Noreg sin deltakar i soneturneringane i Halle i 1967 og i Raach i 1969, begge gongane med over 50 % skåre.[8]

Arne Zwaig vann det opne NM i sjakk 1971,[9] og det opne NM i hurtigsjakk i 1973 og 1974.[10]

Arne Zwaig har vore medlem i Oslo Schakselskap, Torshov Sjakklubb, Sjakklubben Fischer og Asker Sjakklubb.[11] Han var med på Torshov Sjakklubb sitt lag som vann NM for klubblag i 1971, og på Sjakklubben Fischer sitt lag som vann NM for klubblag i 1973, 1975 og 1976.[12]

Arne Zwaig la meir eller mindre opp som turneringsspelar rundt 1977.[13]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Brekke s. 104, 105
  2. Brekke s. 106
  3. Brekke s. 95
  4. Brekke, s. 75 og 113
  5. Norsk Sjakkblad nr 1, 1975 s. 42-43
  6. Norsk Sjakkblad nr 2, 1975 s. 4-5
  7. Brekke s. 112-113
  8. Norsk Sjakkblad nr 1, 1975 s. 42
  9. Brekke, s. 108
  10. Brekke s. 109
  11. Norsk Sjakkblad nr 1, 1975 s. 42
  12. Brekke s. 110
  13. Brekke s. 82