Arnfinn Berstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arnfinn Berstad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. oktober 1913
Død

27. januar 2009 (95 år)

Yrke skribent

Arnfinn Berstad (fødd 19. oktober 1913 i Eid, død 27. januar 2009) var ein norsk forfattar og heradsskogmeister. Han vaks opp i Kjølsdalen i Eid, og var busett i Verdal. Han gjekk på Møre folkehøgskule i 1935-1936 og Statens Skogskole i Steinkjer i 1937. Han var heradsskogmeister i Soknedal, Rennebu, Oppdal i 1944-1946, på Ålesundshalvøya 1947-1955 og Indre Romsdal 1955-1981. Berstad har vore aktiv i kommune- og fylkespolitikken. Han var formann i Norges Herredsskogmesterlag i 19 år.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

1985 – Under stjernerapet : dikt (Melhus: Snøfugl). ISBN 82-7083-144-1 I fulltekst ved nb.no

1988 – Alle har si tid (Oslo: Fonna). ISBN 82-513-0132-7 I fulltekst ved nb.no

1999 – Berre ein vakker draum : dikt (Melhus: Snøfugl). ISBN 82-7083-239-1 I fulltekst ved nb.no

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]