Arnfinn Graue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arnfinn Graue
Fødd1. oktober 1926
Bergen
Død28. februar 2021
NasjonalitetNoreg
Yrkefysikar, kjernefysiker
InstitusjonarUniversitetet i Bergen

Arnfinn Graue (1. oktober 192628. februar 2021)[1] var ein norsk kjernefysikar. Graue var rektor ved Universitetet i Bergen i 1980-åra og hadde leiande stillingar ved CERN.

Han tok doktorgraden i fysikk i 1966 og var dosent i fysikk i Bergen frå 1961, før han same stad vart professor i eksperimentell kjernefysikk. Frå 1978 til 1980 var han dekanus ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, i 1981-1983 prorektor ved Universitetet i Bergen, og frå 1984 til 1989 rektor. Frå 1984 var han norsk delegat ved CERN og i tida 1988-1991 var han president i finanskomiteen i CERN.

Graue var òg gjesteforskar ved fleire amerikanske og europeiske forskingslaboratorium, der han mellom anna har vore ansvarleg for oppbygging av vitskapleg utstyr. Han leia samarbeidsprosjekt mellom Fysisk institutt i Bergen og Massachusetts Institute of Technology i USA og deltok aktivt i samarbeidsprosjekt med Niels Bohr-instituttet i København.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Vi minnes med respekt en engasjert fagmann», www.bt.no (på norsk bokmål), henta 6. mars 2021