Arnhild Lauveng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arnhild Lauveng
Fødd13. januar 1972
NasjonalitetNoreg
Yrkepsykolog, skribent
Alma materUniversitetet i Oslo

Arnhild Lauveng (fødd 13. januar 1972) er ein norsk psykolog som er utdanna ved Universitetet i Oslo og tidlegare schizofren. Ho er busett i Odalen i Hedmark og jobbar på Kongsvinger Distriktspsykiatriske senter (DPS). Ho er ein aktiv foredragsholdar, og mottok i 2004 «Prisen til fremme av ytringsfriheten innan psykisk helsevern».

I 2008 vart ho også tildelt Fritt Ords honnør for å ha brote barrierar innan psykisk helsevern med bøkene sine.

Ho har skrive to sjølvbiografiar om vegen inn og ut av psykose, med fagleg resonnement omkring ulike tilstandar og moglege årsaker til personlegdomsutviklinga.

Bokrettane til I morgen var jeg alltid en løve er seld til Nederland, Akademisk Forlag i Danmark, tyske Random House, Polen og til Spania.

Sjølvbiogafiar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]