Arnljot Høyland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arnljot Høyland
Fødd19. februar 1924
Død21. desember 2002
NasjonalitetNoreg
Yrkematematikar, professor
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Noregs tekniske høgskole
Alma materUniversitetet i Oslo
University of California, Berkeley

Arnljot Høyland (19. februar 192421. desember 2002) var ein norsk professor i statistikk ved NTH (i dag NTNU).

Høyland var ein internasjonalt anerkjent fagperson innan feltet matematisk statistikk. Han var sentral i oppbygginga av statistikk som universitetsfag og utga fleire lærebøker. Han gjorde òg ein stor innsats for å nytte statistikk i norsk industri og næringsliv.

Han var cand.real. frå Universitetet i Oslo 1952. I 1963 fullførte han sin doktorgrad (ph.d.) i statistikk ved University of California, Berkeley.

Høyland var universitetslektor ved Universitetet i Oslo 1959–1965. I 1965 vart han tilsett som dosent og seinare professor ved Institutt for matematiske fagNTH i Trondheim. Her var han professor til 1990 og deretter seniorforskar til 1994.

Julekveldsvisa[endre | endre wikiteksten]

Utenfor fagmiljøet er han best kjent for å ha komponert melodien til Alf Prøysen si «Julekveldsvise».

I 1996 vart han tildelt St. Olavs Orden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]