Arnljot Norwich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arnljot Norwich
Fødd29. desember 1922
Harstad
Død28. desember 1994 (71 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar

Arnljot Norwich (29. desember 192228. desember 1994) var ein norsk forretningsmann og politikar frå Harstad. Han representerte partiet Høgre og Troms fylkeStortinget frå 1977 til -89. Perioden 1973-77 var han vararepresentant.

Norwich gjekk elektrolina ved Trondheim tekniske skole 1944-46 og handelsskule i Harstad 1946/47. Til 1948 arbeidde han som ingeniør i faren sitt elektrofirma, Marcus Norwich i Harstad. I 1949 grunnla han og ein bror elektrofirmaet Brødrene Norwich, eit firma han var disponent for til 1984.

Norwich engasjerte seg i lokalpolitikken for Høgre, og var varaordførar i Harstad 1968-69 og ordførar 1970-77. Tingbolken 1973-77 var han vararepresentant til Stortinget frå Troms fylke, og møtte ved eit par høve medan den faste representanten, Martin Buvik, hadde permisjon. Frå 1977 til 1989 hadde Norwich fast tingsete. Han var då medlem i Industrikomiteen 1977-1981, sekretær i Energi- og industrikomiteen 1981-85 og medlem i Finanskomiteen frå oktober 1985 til mai 1986. Då Gro Harlem Brundtland danna si andre regjering, vart Norwich vald til leiar i Forbrukar- og administrasjonskomiteen, eit verv han hadde dei siste tre åra på Stortinget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]