Arnmødlingætta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Arnmødlingætta, også kalla Arnungane, var ei av dei mektigaste stormannsættene i Noreg frå sein vikingtid til langt inn i den norske mellomalderen.

Truleg ætta arnmødlingane frå Arnmod jarl, ein hovding som fall i slaget ved Hjørungavåg kring 986. Sonen Arne Arnmodsson var far til fleire søner som sette sitt stempel på noregssoga, dessutan var dottera Ragnhild gift med Hårek frå Tjøtta. Tre av sønene til Arne; Finn, Torberg og Arne, var mellom dei fremste i hæren til kong Olav Haraldsson, medan den fjerde sonen, Kalv Arnesson var mellom førarane for bondehæren då det stunda til slag på Stiklestad i 1030.

Torberg Arnesson gifte seg med Ragnhild, dotter til Erling Skjalgsson. Han budde på Giske, og er stamfar til Giskeætta, den mektigaste ætta på Sunnmøre til 15. hundreåret. Dottera Tora var hustru til kong Harald Hardråde, dei seinare kongane av Hardrådeætta var hennar etterkomarar.

Dotter til Finn Arnesson, Ingebjørg, var fyrst gift med Torfinn Sigurdsson jarl på Orknøyane og dermed stammor til dei seinare orknøyjarlane. Sidan vart ho gift med kong Malcolm Canmore og såleis mor til kong Duncan av Skottland. Ei anna dotter, Sigrid, var gift jarlen Orm Eilevsson og stammor til jarlane i Gautland og til Erling Skakke.

Son til Arne Arnesson, Jon, var gift med ei sondotter til Tore Hund, og fekk hand om Bjarkøy-godset. Jon Arnesson vart då ættefar til Bjarkøyætta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok I. bandet. 1949