Hopp til innhald

Arnold Holmboe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arnold Holmboe

Fødd11. mars 1873
Beitstad, Beitstad kommune
Død27. juli 1956 (83 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, jurist
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1922–1924)
  • Norsk justisminister (1922–1923)
  • Norsk finansminister (1924–1926)
  • stortingsrepresentant (1928–1930)
  • ordførar i Tromsø (1908–1908)
  • ordførar i Tromsø (1913–1914)
  • ordførar i Tromsø (1917–1917) Sjå dette på Wikidata

Arnold Holmboe (11. mars 1873–27. juli 1956) var ein norsk jurist, næringsdrivar og Venstre-politikar, fødd i Beitstad. Han var i 1920-åra statsråd i Blehr II-regjeringa og den fyrste Mowinckel-regjeringa.

Holmboe tok juridisk embetseksamen 1900. Han hadde så advokatpraksis i Steigen, Harstad og Tromsø, før han var direktør i Tromsø Sparebank frå 1913 til 1928. Deretter var han til 1943 direktør ved Vinmonopolet.

Frå 1907 var Holmboe medlem i Tromsø bystyre og ordførar i fleire periodar. Dei to treårsbolkane 1922-24 og 1928-30 var Venstre-mannen Holmboe stortingsrepresentant frå byane i Nord-Noreg; Bodø, Narvik, Tromsø, Hammerfest, Vardø og Vadsø. Han var justisminister 1922-23 i ei regjering leidd av Otto Blehr og finansminister 1924-26 då Johan Ludwig Mowinckel hadde sin fyrste statsministerperiode.

Holmboe gav i 1943 ut ei bok med sine omsetjingar av den greske poeten Anakreon, med tittelen Anakreons sange.

Han var medlem i Undersøkelseskommisjonen av 1945 og komiteen som granska verksemda til Noregs Bank i okkupasjonsåra.