Arnold Mühren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arnold Mühren
Personleg informasjon
Fullt namn Arnold Johannes Hyacinthus Mühren
Fødselsdato 2. juni 1951 (72 år)
Fødestad Volendam i Nederland
Posisjon Midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1970-1971 Volendam 26 (2)
1971-1974 Ajax 62 (16)
1974-1978 Twente 108 (39)
1978-1982 Ipswich 161 (21)
1982-1985 Manchester United 70 (13)
1985-1989 Ajax 99 (14)
Totalt 516 (105)
Landslag
1978-1988 Nederland 23 (2)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Arnold Johannes Hyacinthus Mühren (fødd 2. juni 1951) er ein nederlandsk tidlegare fotballspelar som vart europameister 1988 for Nederland og vann UEFA-cupen 1981 med Ipswich Town og cupvinnarcupen 1987 med Ajax.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Etter ein fin sesong i FC Volendam var Mühren knytt til storklubben Ajax i tida 1971-74, der den eldre broren Gerrie Mühren var fast på fyrstelaget. Sjølv fekk han lite speletid og gjekk i 1974 over til Twente, der han vart verande i fire sesongar og fekk sin fyrste meistertittel då laget frå Enschede vann den nasjonale cupfinalen 1977. I 1978 vart han overført til Ipswich Town i England for £150 000. Han var på plass då Ipswich vann UEFA-cupen våren 1981. Sesongane frå 1982 til 1985 gjorde han teneste i Manchester United, der han skåra eitt mål i finalen i FA-cupen 1983. Siste sesongen i United var han ute av fyrste-ellevaren, gjekk så tilbake til Ajax sommaren 1985. Med Ajax Amsterdam vann han den nederlandske cupen i 1986, så vel som i 1987. Høgdepunktet med Ajax var likevel triumfen i cupvinnarcupen 1987.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Nederland under EM 1988, Arnold Mühren lengst til høgre i fremste rekke

Mühren deltok i perioden 1978-88 i 23 av Nederland sine fotballandskampar og skåra tre mål. Han fekk sin landslagsdebut i Tunis, men møtte vente tre år på sin neste landskamp. I 1981 spelte han fem kampar og skåra to mål i den for Nederland mislukka VM-kvalifiseringa. Etter fire-og-eit-halvt år utanfor landslaget spelte han sine 15 siste landskampar over ein periode på 18 månader i tida fram til EM-finalen 1988. Han høyrde til fyrste-ellevaren i alle fem EM-kampane, finalen som enda med siger 2-0 over Sovjetunionen vart han siste i landslagstrøya.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Europameister: 1988 for Nederland
  • Vinnar av UEFA-cupen: 1981 med Ipswich
  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1987 med Ajax
  • Nederlandsk cupmeister: 1977 med Twente og 1986, 1987 med Ajax
  • Engelsk cupmeister: 1983 med Manchester United

Kjelder[endre | endre wikiteksten]