Arnold Weiberg-Aurdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arnold Weiberg-Aurdal
Fødd18. juni 1925
Ålesund kommune
Død3. februar 2016 (90 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar, skribent
Utdanna vedNoregs miljø- og biovitskaplege universitet
Alle verv

Arnold Weiberg-Aurdal (18. juni 19253. februar 2016) var ein norsk stortingsrepresentant, bonde, heradsagronom og forfattar frå Sykkylven.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Weiberg-Aurdal var fødd i Ålesund, der faren Bastian M Weiberg-Aurdal var privatpraktiserande lege. Oppveksten fekk han Karigarden på Velle i Sykkylven, som faren åtte. Sjølv gjekk han befalsskule og utdanna seg til sivilagronom ved Noregs landbrukshøgskule i 1953, og var sidan heradsagronom i både Stranda og Sykkylven.

Weiberg-Aurdal var stortingsrepresentant for Senterpartiet frå 1969 til 1985. I alle år på Tinget var han medlem av samferdslekomiteen, formann frå 1973 til 1981. Den siste fireårsperioden på Stortinget var han også medlem av den utvida utanriks- og konstitusjonskomitéen.

Weiberg-Aurdal var med i kommunestyret i Sykkylven i årevis, ordførar i åtte år. Han var også medlem av fylkestinget i Møre og Romsdal, og var elles med i ei rekkje styre og utval, såvel kommunale, statlege og private.

Som forfattar har han skrive ei rad med bøker, slektshistorier og jubileumsskrift.

Arnold Weiberg-Aurdal fekk tildelt Kongens fortenestmedalje i gull i 2003.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]