Arnoldus Schytte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arnoldus Schytte
Fødd 1769
Buksnes
Død

27. april 1834
Bodø

Yrke prest, politikar
Bodin kyrkje hvor Schytte var prest

Arnoldus Schytte (176927. april 1834) var ein norsk prest og stortingsmann, fødd i Buksnes i Nordland.

Schytte var son til ein prest. Han vart student i 1788 og cand. theol. tre år seinare. I 1793 vart han personalkapellan hos faren i Bodø. Han overtok sokneprestembetet etter far sin i 1797, og styrte det til sin død i 1834.

Schytte møtte på omframstortinget i 1822 frå 7. oktober som 1. varamann for Nordlands amt, i staden for Johan Ernst Berg. Han var 2. representant for Nordlands amt på Stortinget i 1824, 1827, 1830. I 1824 var han medlem av Lagtinget og av komiteane om fiskeria, om adelslova og om innløysinga av riksbanksetlane. Han var både i 1827 og 1830 medlem av Lagtinget. I 1827 var han elles formann i komiteen om kaianlegg på Helgeland og medlem av kyrkjekomiteen, medan han i 1830 var medlem av trykkekomiteen og komiteen om oppgjeret med Danmark. Han hadde ikkje sete i riksretten i 1827, då den klaga skaut han ut.

Schytte oppretta det Schytteske legat, stort kring kroner 50 000, til fordel for studentar frå Nordland med meir. Boksamlinga si på 1300 bind gav han til Universitetet i Christiania.

Han døydde i Bodø i 1834.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]