Arnt Birkedal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Arnt Birkedal
Nasjonalitet Norsk
Fødd 11. februar 1959 (59 år)
Stavanger
Yrke Forfattar
Periode 1983 -
Debut Balladen om hålet i dørå
Nettstad arntbirkedal.no

Arnt Birkedal (fødd 11. februar 1959 i Stavanger)[1][2] er ein norsk forfattar. Han har særleg skrive dikt, ungdomsbøker og songar, ofte om kjærleik.

Arnt Birkedal er er utdanna adjunkt og har jobba i 15 år som lærar i grunnskulen på alle trinn. Han debuterte i 1983 med diktsamlinga Balladen om hålet i dørå. Sidan 1998 har han vore forfattar på heiltid. Han skriv både på stavangerdialekt og nynorsk.

Dei fleste bøkene er utgitt på nynorskforlaget Samlaget. I 2007 fekk han Samlagsprisen.

Arnt Birkedal bur og arbeider i Stavanger.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1983: Balladen om hålet i dørå - dikt
  • 1985: Adle de trøtte hestane - dikt
  • 1987: Tenk deg - John Lennon i gjendikting - dikt/songar (gjendikting)
  • 1989: Draumar og dynejakker: dikt for ungdom - dikt
  • 1991: Eg kan godt lika deg: unge dikt - dikt
  • 1993: Ormen i Vaulavika - dikt
  • 1994: Inst inne - roman for barn
  • 1995: Øya bortanfor den til King Kong : tekstar - tekstar
  • 1996: For alt eg veit : dikt, unge - dikt
  • 1996: Det indre Tasta : ei kattehistorie - roman
  • 1997: Brua før Widecombe : dikt og tekstar - dikt
  • 1998: Valentin (raud, rosa, kvit dagbok) - ungdomsbok
  • 1999: (og ho andre): dikt, draumar - dikt
  • 1999: To veker sist sommar - gjendiktning
  • 2000: Ein halvtimes stille i himmelen - ungdomsbok
  • 2002: Biblioteket på do - barnebok
  • 2003: Kvar gong - dikt
  • 2004: Is- og Donald svingane - dikt
  • 2004: Hynsahus : 45 songar - dikt/songar
  • 2005: Dyffel - ungdomsbok
  • 2006: Gliper - dikt
  • 2006: Kaninar og kaninar - barnebok
  • 2007: Hytteboka - dikt
  • 2008: Gaulevik - ungdomsbok
  • 2011: Sinus - diktsamling
  • 2011: La stå! - barnebok
  • 2012: Reint sportslig

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. ««Arnt Birkedal»». forfatterkatalogen.no. Henta 4. april 2012. 
  2. Steinar Sivertsen, Sylvelin Vatle, Finn Øglænd, red. (1999). «Forfattarane». Stemmer frå Rogaland. Oslo: Det Norske Samlaget. s. 207. ISBN 82-521-5406-9. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]