Arnt Eliassen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Arnt Eliassen (fødd 9. september 1915 i Kristiania, død 22. april 2000 i Bærum i Akershus) var ein norsk meteorolog og ein pioner innan numerisk vêrvarsling.

Opphavleg skulle han studere astrofysikk, men vart fanga inn av seminara til den verdskjende, men aldrande meteorologen Vilhelm Bjerknes og assistenten hans Einar Høiland. Etter nokre år som hovudfagsstudent og assistent for professor Halvor Solberg, vart han tilsett ved Meteorologisk Institutt i Oslo frå 1942 til 1953 og vart førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo 1953 til 1958, før han vart professor i geofysikk same stad frå 1958 til 1985. Ved Meteorologisk institutt gjorde han grunleggande arbeid med dei kvasi-geostrofiske likningane og om bruken av lufttrykket som vertikalkoordinat. Dette tok han doktorgraden på i 1950.

Han gav ut mange avhandlingar om dynamisk meteorologi, mellom anna banebrytande arbeid om numerisk vêrvarsling. I lag med Jule Charney utvikla Eliassen på slutten av 1940-åra metodar som gjorde det mogeleg å rekne ut vêrutviklinga numerisk ved hjelp av datamaskinar. Han deltok ei tid i ei forskargruppe i Princeton leia av John von Neumann, som laga dei første numeriske vêrprognosane. Eliassen vart etter kvart avløyst av Ragnar Fjørtoft som var med på sjølve gjennombrotet. Seinare arbeidde Eliassen hovudsakleg med numerisk vêrvarsling, men studerte òg fjellbølgje, vêrfrontar og tropiske syklonar.

Eliassen var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1953, av det tyske vitenskapsakademiet Leopoldina og av U.S. National Academy of Sciences, og mottok mange æresmedlemskap, mellom anna i Royal Meteorological Society, American Meteorological Society og European Geophysical Society. Han vart utnemnt til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1984 og fekk mange andre æresprisar. I 1996 fekk han den internasjonale Balzanprisen (2,6 millionar kroner) overrakt av presidenten av Italia.

Utgjevingar (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • The quasi-static equations of motion with pressure as independent variable, doktoravhandling, Geofysiske Publikasjoner, 1949
  • A numerical method for predicting the perturbations of the middle latitude westlies (saman med Jules Charney), i Tellusnr. 1/1949
  • Slow thermally or frictionally controlled meridional circulation in a circular vortex, i Astrophysica Norvegica, 1951
  • Dynamic meteorology (saman med E. Kleinschmidt jr.), i S. Flügge (red.): Handbuch der Physik, Berlin 1957
  • On the formation of fronts in the atmosphere, i The Rossby Memorial Volume, New York 1959
  • On the transfer of energy in stationary mountain waves (saman med E. Palm), i Geofysiske Publikasjoner, 1961

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]