Arnt Kristoffersson Seljelid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arnt Kristoffersson Seljelid
Fødd 6. februar 1832
Mo i Rana
Død

6. januar 1880 (47 år)
Hemnes

Yrke politikar

Arnt Kristoffersen Seljelid (3. februar 18326. januar 1880) var ein norsk fiskar, gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå MoHelgeland.

Han var frå Dalsgrenda i Mo, far hans var gardbrukar. I yngre år var han fiskar, frå 1859 var han gardbrukar på Seljelid i Hemnes. Fram til 1874 var han leiglending, sidan var han sjølveigar. Han var medlem av heradsstyret i Hemnes frå 1863, ordførar frå 1869 til han døydde.

Seljelid var stortingsmann for Nordlands amt 1871-79. Den fyrste perioden, 1871-73, var han medlem av næringskomite nr 1, dei to neste periodane av gasje- og pensjonskomiteen, medlem av Lagtinget i 1879. Han vart vald for ein ny stortingsperiode, 1880-82, men døydde heime på garden sin i Hemnes før tinget vart opna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]