Arp 147

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hubble-bilete av Arp 147. Det støvete og raudaktige området i galaksen til høgre er sannsynlegvis lokaliteten til den opphavlege galakskjernen til galaksen. Biletet er omtrent 154 000 lysår på tvers.

Arp 147 eller IC 298 er eit par av vekselverkande galaksar som ligg rundt 440 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Kvalfisken. Galaksane utgjer til saman noko som kan likna på eit tital. Ein reknar med at galaksen som utgjer nulltalet fekk forma si etter at den andre galaksen passerte gjennom han. Denne passasjen sett i gang intens stjernedanning, då han fekk ei tettleiksbølgja til å forplanta seg utover galaksen. Tettleiksbølgja komprimerte gassen på sin veg og starta soleis stjernedanninga.

Romteleskopet Hubble tok eit bilete av Arp 147 27.- 28. oktober 2008 like etter at det hadde kome ut av ein periode der det var ute av drift.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]