Arp 236

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hubble-bilete av Arp 236.

Arp 236, IC 1623 eller VV 114 er eit vekselverkande galaksesystem som er veldig lyssterkt i det infraraude, og som ligg rundt 300 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Kvalfisken. VV 114E, den eine galaksen i systemet, har ei større mengd av varm og tett gass. Varm og tett gass finn ein òg i den overlappande og samanbindande regionen mellom kjernane til dei to galaksane. Observasjonar tyder på at Arp 236 er på veg mot sluttstadiumet av galaksekollisjonen, då ein kraftig straum av gass inn i sentrale område av galaksen vil starta ei intens stjerndedanning som kan forsterka den infraraude lysstyrken til galaksen til over det ultra-lyssterke. Arp 236 vil sannsynlegvis etter kvart utvikla seg til eit kompakt system med eksplosiv stjernedanning, liknande galaksen Arp 220.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]