Arp 81

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hubble-bilete av Arp 81. NGC 6621 er til venstre og NGC 6622 til høgre.

Arp 81 eller VV 247 er eit par av vekselverkande galaksar som ligg rundt 300 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Draken. Dei to galaksane er NGC 6621 og NGC 6622 der NGC 6621 er den største av dei to. NGC 6221 er ein ekstremt misforma spiralgalakse og har fått drege ein lang hale ut av seg som har pakka seg rundt galakselekamen. Kollisjonen mellom dei to galaksane har ført til kraftig stjernedanning mellom dei. Forskarar trur at Arp 81 har ei rikare samling av unge og massive stjernehopar enn Antennene-galaksane, som ligg mykje nærare jorda enn Arp 81.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]