Arquebus krigshistorisk museum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Arquebus krigshistorisk museum vart stifta i 1980 medan utstilling i eigne lokale først vart opna i 1995. Museet ligg i Førdesfjorden i Tysvær kommune, like ved europaveg 134.

Hovudtema for utstillinga er okkupasjonen av Noreg under andre verdskrigen 1940-1945, med vekt på handelsflåten si rolle under krigen, dei maritime krigshandlingane og dagleglivet i krigsåra, spesielt i Nord-Rogaland og Sunnhordland. I 1992 vart muséet tildelt Fritt Ords honnør for iherdig, friviljug innsats for å bevara verdifullt materiale om Noreg under okkupasjonen.

Museet er kalla opp etter kodenamnet Arquebus som motstandsmannen Sverre K. Andersen nytta medan han dreiv ein illegal radiosendar på Bjoa i Ølen kommune.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]