Arraba i Galilea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arraba
עַרָבָּה, עראבה, عرّابة, Arrabe, 'Arraba-Batuf
lokal kommune
Namneopphav: Buttaufsletta[1]
Land  Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 32°51′2″N 35°20′20″E
Areal 8,06 km²
Folketal 22 229  (2011)[2]
Folketettleik 2 758 / km²
Kommunestatus 1965
Borgarmeister Umar Nassar
Kart
Arraba i Galilea
32°51′4″ N 35°20′19″ E
Wikimedia Commons: Arrabe

Arraba (arabisk عرّابة, hebraisk עַרָבָּה; òg kalla 'Arrabat al-Battuf) er den fjerde største lokalkommunen og den største arabiske lokalkommunen i Israel. Han ligg i Nedre Galilea i Nord-distriktet, nord for Nasaret og nær Sakhnin og Deir Hanna. Arraba har hatt lokalkommunestatus sidan 1965.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Arraba er identifisert som ein jødisk landsby kalla Arab, på gresk kalla Garaba, som er nemnt i Misjná[3] og Jerusalem-Talmud i kapittel 16.[4][5]

På 400- eller 500-talet levde kristne her og bygde ei kyrkje med mosaikkgolv og inskripsjonar.[6][7]

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

I 1250 var han ein av casales (landsbyane) som høyrte til Den tyske riddarordenen, ein krossfararorden.[5][8] På 1200-talet vart Arrabah nemnt av den syriske geografen Yaqut al-Hamawi i Mu'jam al-Buldān (1224–1228), som ein «stad i provinsen Acca».[9][10]

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

Landsbyen vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina.[11]

Zayadina-folket, ei arabisk, muslimsk stamme, skal ha flytta til Arraba ein gong på midten av 1600-talet. Sjeiken deira fekk seinare kontroll over byen og området rundt, i kamp med drusar-sjeiken Sallama. Sallama og andre drusarar i landsbyar i nærleiken vart sidan øydelagd.[12] Arraba vart heimstaden til Dhaher el-Omar, ein seinare sjeik i Zayadina-stamma. I følgje ei lokal segn søkte han tilflukt der etter å ha drepe ein tyrkisk soldat. Han fekk støtte hos den lokale sjeiken, Muhammad Nasser, som hjelpte han å kome til fred med ein nabolandsby, noko som førte til ei rekkje felttog der han erobra heile Galilea. Ein bygning som er sagt å vere heimen til el-Omar står framleis.[13]

Staten Israel[endre | endre wikiteksten]

House of the family of Zahir al-'Umar

I 1948, under Operasjon Hiram (29-31. oktober) overgav byen seg til den israelske hæren. Mange av innbyggjarane flykta, men dei som vart verande, vart ikkje forviste av dei israelske soldatane.[14] Landsbyen vart verande i unntakstilstand fram til 1966.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Fotballaget i byen er Ahva Arraba, som i dag spelar i Liga Leumit, det nest øvste nivået i israelsk fotball.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 124
  2. «Locality File». Israelsk statistisk sentralbyrå. 2011. Arkivert frå originalen (XLS) 23. september 2013. Henta 9. oktober 2014. 
  3. סדר מועד (he)
  4. HaReuveni, Immanuel (1999). Lexicon of the Land of Israel. Miskal - Yedioth Ahronoth Books and Chemed Books. s. 779. ISBN 965-448-413-7.  (he)
  5. 5,0 5,1 Conder and Kitchner, 1881, s. 206
  6. Eliya Ribak (2007). Religious Communities in bysantinsk Palestina. Archaeopress. s. 128. 
  7. Dauphin, 1998, s. 715
  8. Ellenblum, 2003, s. 41.
  9. le Strange, 1890, s. 399
  10. Sa'd Sabbagh, Biladuna Filasteen, Vol. 11
  11. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 187
  12. Firro, 1992, s. 45.
  13. Petersen, 2001, p. 95
  14. Morris, Benny (1987) The birth of the Palestinian refugee problem, 1947-1949. Cambridge University Press. ISBN 0-521-33028-9. s.226

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]