Arresø
| Arresø | |||
| innsjø | |||
Arresø ved Frederiksværk
| |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Tilsig | Pøleå | ||
| Utløp | Arresø Kanal | ||
| Nedslagsfelt | 216,1 km² | ||
| Høgd over havet | 4 moh. | ||
| Areal | 39,87 km² | ||
| Middeldjupn | 3,1 m | ||
| Største djupn | 5,6 m | ||
| Koordinatar | |||
![]() Arresø 55°58′29″N 12°06′15″E / 55.974722222222°N 12.104166666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Arresø | |||
Arresø er den største innsjøen i Danmark, og ligg på Sjælland like nord for Ølsted og aust for Frederiksværk. Innsjøen har eit areal på 39,87 km² og via Arresø kanal renn vatnet ut i Roskilde fjord. Kanalen vart påbyrja i 1717 etter ordre frå dei kongelege, og arbeidet vart utført av danske soldatar og svenske krigsfangar.
Det er fleire småelvar som munnar ut i Arresø, og Pøleå er den viktigaste. På vestsida av innsjøen er det fleire åsryggar. Mellom desse finn ein Maglehøj i Frederiksværk og Arrenakke, som gjev eit flott utsyn over innsjeøn. Aust for Frederiksværk ligg neset Arrenæs.
Tidlegare var innsjøen ein fjord som var forbunde med Kattegat, men landområdet i nordvest heva seg etter den siste istida, slik at vatnet vart igjen i innsjøen.
Innsjøen har eit rikt fugle- og planteliv. Fleire dyrerereservat er oppretta rundt innsjøen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Arresø» frå Wikipedia på engelsk, den 27. mars 2007.
