Arrigo Boito

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Arrigo Boito
Arrigo Boito.jpg
Fødd 24. februar 1842
Padova
Død

10. juni 1918
Milano

Sjanger opera, klassisk musikk
Yrke librettist, komponist, lyrikar, journalist, skribent, manusforfattar

Enrico Giuseppe Giovanni Boito, mest kjend som Arrigo Boito, (fødd 24. februar 1842 i Padua, død 10. juni 1918 i Milano) var ein italiensk komponist, skribent og librettist. Som komponist er han særleg kjend for operaen Mefistofele, inspirert av Gøthes Faust, og han skreiv librettoane til Otello og Falstaff av Giuseppe Verdi og til La Gioconda av Amilcare Ponchielli.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Arrigo Boito studerte ved musikkonservatoriet i Milano fram til 1861. Fem år seinare kjempa han under Giuseppe Garibaldi på italiensk og prøyssisk side i den austerriksk-prøyssiske krigen, som dei enda opp med å gå sigrande ut av.

Boito skreiv svært lite musikk. Mefistofele skulle bli den einaste operaen Boito faktisk fullførte, og vart urframført i 1868 på La Scala i Milano. Premieren, som han dirigerte sjølv, fekk dårleg mottaking frå publikum. Verket vart skulda for wagnerisme, noko som førte til opprør, og verket vart dermed stoppa av politiet etter andre framføringa. Etter at Boito redigerte og kutta vekk delar av verket, fekk det ei meir verdig framføring i Bologna den 10. april 1875. Den omgjorte versjonen endra mellom anna røysta til Faust frå baryton til tenor. I dag er Mefistofele det einaste av Boitos verk som vert framført med jamne mellomrom. Prologen, som finn stad i himmelen, er eit ynda konsertstykke.

Arrigo Boito gjorde seg ferdig med operaen Ero e Leandro, men øydela han deretter. Ein annan opera, Nerone, vart ikkje fullført, trass i at Boito hadde arbeidt på verket frå 1877 til 1915. Denne operaen vart likevel fullført posthumt av Arturo Toscanini og Vincenzo Tommasini og urframført på La Scala i 1924.

Boito gjorde følgjeleg større karriere som librettist enn komponist, og samarbeidde her særleg med Giuseppe Verdi. Det fyrste verket dei samarbeidde om, var Inno delle nazioni (1862). Ei tid etter såg Boito over og redigerte Verdis eigen libretto til Simon Boccanegra, og det vart deretter framført til stor suksess i 1881. Seinare skreiv Boito libretto til Otello (1887) og Falstaff (1893). Boito og Verdi hadde eit nært venskap. Då Verdi døydde i 1901, sat Boito ved sida hans.

Elles skreiv Boito librettoar for verk av Franco Faccio, Alfredo Catalani, Gaetano Coronaro, Amilcare Ponchielli, Giovanni Bottesini, Luigi Mancinelli, og Riccardo Pick-Mangiagalli.

Då den dåverande direktøren av musikkonservatoriet i Parma døydde i 1889, fekk Arrigo Boito ta over stillinga hans, og beheldt henne til 1897. I 1893 vart han gjort til æresdoktor i musikk ved University of Cambridge. Arrigo Boito døydde i Milano i 1918 og vart gravlagt på Cimitero Monumentale. Tretti år seinare vart det halde minnekonsert etter han på La Scala, dirigert av Arturo Toscanini.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]