Ars subtilior

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ars Subtilior er nemninga på ei musikals stilretning som vart utvikla mot slutten av 1300-talet. Namnet tyder "Subtil kunst", og minner om at stilen var heller vrang, både å syngje og å følgje med i. Stilen var å finne i Avignon, men og i Paris og England tidleg på 1400-talet.

Stilen var utvikla frå Ars nova, og tok stildraga her ut i det ekstreme. Nokre forskarar set stilen opp mot Ars nova, andre ser han som ei naturleg forlenging av denne. Chantilly-kodeksen og Modena-kodeksen er dei viktigaste kjeldeskriftene til musikken i denne stilen.

Han vart utvikla innanfor eit lite intellektuelt miljø ved pavehoffet i Avignon i åra opp mot 1400. Songane var verdslege, mest utan unnatak, og tek føre seg emne som riddarskap, kjærleik og krig. Stilen var ikkje rekna som høvande for kyrkjesong. Musikken nytta mykje ordmåling og manierisme i eit omfang som ikkje synte seg att før seint på 1500-talet. Stilen har vore samanlikna med notidig moderne avantgarde-musikk. Nokre av draga frå Ars Subtilior vart tekne inn i renessansemusikken som voks fram på 1400-talet. Når musikken vart skriven ned, vart notane skipa med stor fantasi i ulike skap, slik at sjølve lesinga og vart ei utfordring. Denne teknikken kunne syne humoristisk sans, som til dømes songen La Harpe de Melodie, der notane vart skrivne ned innanfor ramma av ei harpe.

Det ser ut til at musikken vart spreidd utover frå Avignon, til Spania og jamvel til Kypros, som var under fransk styre på denne tida. Dei mest kjende komponistane var frå Frankrike eller Italia.

I dag har stilen fått eit nytt oppsving, og er studert av nyare komponistar.