Arsen Kotsojev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Arsen Kotsoyev)
Arsen Kotsojev

Verkeleg namn Коцойты Арсен
Statsborgarskap Det russiske imperiet, Sovjetunionen
Fødd 15. januar 1872
Gizel
Død

4. februar 1944 (72 år)
Vladikavkaz

Yrke skribent, journalist, omsetjar
Arsen Kotsojev på Commons

Arsen Kotsojev (15. januar 18724. februar 1944) er ein av grunnleggjarane av den ossetiske prosaen, som hadde stor innverknad på forminga av det moderne ossetiske språket og den funksjonelle stilen av det. Han deltok i alle dei fyrste tidsskrifta på ossetisk og var ein av dei viktigaste ossetiske utgjevarane.

Det finst Kotsojev-gater i Vladikavkaz og Beslan. Nokre av verka til Kotsojev er pensum på skulen i ossetisk litteratur.

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

Kotsojev var fødd i ein fattig familie på landet (i byen Gizel, nær Vladikavkaz). I niårsalderen byrja han på den lokale skulen. Der fann han ei stor boksamling som skulle tilføra utdanninga hans mykje. Etter skulen studerte Kotsojev på Ardon ortodokse seminar. Ein plutseleg sjukdom fekk den unge mannen til å forlate seminaret. Han vende attende til landsbyen og byrja å skrive korte noveller for aviser i Nord-Kaukasus. Han jobba òg som lærar ved den lokale skulen.

I 1902 tok Kotsojev del i ein oppreist i Gizel; det førte til at han blei bortvist frå regionen. Han valde å reise mot sør, til Sør-Ossetia, der han heldt fram som lærar og med å skrive korte noveller og forteljingar.

I 1910 byrja han å publisere eit magasin kalla Æфсир (Æfsir, 'Kveiteaks'). Magasinet kom berre ut i 14 nummer, men det hadde enorm innverknad på den ossetiske litteraturen og journalistikken. Mange meisterverk i ossetisk literatur var fyrst publisert i Æfsir.

I 1912 kom Kotsojev til Sankt Petersburg, der han arbeidde mange stader, inkludert i den populære Lenin-avisa Pravda. Kotsojev kunne russisk til ein viss grad, slik at han kunne lese ei russisk avis.

Etter Oktoberrevolusjonen vart Kotsojev vidkjend. Han jobba i ulike aviser og magasin, innan utdanning, etc. Han døydde i Vladikavkaz og vart gravlagd i hagen til Litteraturmuseet.

Arbeid[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste historiene til Kotsojev er tragiske. Arsen Kotsojev skreiv ein del om situasjonen til ein person frå tradisjonell kultur i den nye, Europa-orienterte verda, om lagnaden til ein person frå landet i ein større by.

Kotsojev omsette òg ein del, for eksempel omsette han fleire historier av Pusjkin til ossetisk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]