Arsenjev
- Denne artikkelen er om byen. For den russiske utforskaren og forfattaren sjå Vladimir Arsenjev.
Arsenjev Арсеньев | ||
---|---|---|
![]() |
![]() | |
Flagget til Arsenjev | Byvåpenet til Arsenjev |
|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | ![]() | |
Føderasjonssubjekt | Primorskij kraj | |
Grunnlagd Bystatus |
1902 1952 | |
Borgarmeister | Nikolai Jermisjkin | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
39,4 km² | |
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
58 021 1 472,6 /km² | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Høgd over havet | 170 moh | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 692330–692343 | |
Retningsnummer (tlf) | (+7)42361 | |
Nettstad: www.arsenevmis.ru |
Arsenjev (russisk Арсе́ньев) er ein by i Primorskij kraj i Russland med om lag 60 000 innbyggjarar. Han ligg på høgresida av elva Arsenjevka, ei sideelv til Ussuri, rundt 160 km nordaust for Vladivostok (via veg 242 km).
Geografi[endre | endre wikiteksten]
Byen ligg i ein dal omgjeve av nesten urørt Ussuri-taiga. Den økologiske situasjonen i Arsenjev er langt betre enn for andre byar i Primorskij kraj, då det ikkje finst forureinane verksemder i byen og omegn. På grunn av plasseringa har Arsenjev eit meir utprega innlandsklima enn Vladivostok-området, med gjennomsnittstemperatur i juli på 21 °C og i januar på −18 °C.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Arsenjev si historie byrjar i 1895 då busetnaden Semjonovka vart grunnlagt. Dei første bysetjarane var russiske gammaltruande. I 1901 busette leiglendingar frå Poltava oblast i Ukraina seg her. I 1937 vart busetnaden knytt til den transsibirske jernbanen med eit sidespor. I 1940 vart den første flyfabrikken (den noverande Progress) i Russland fjerne austen bygt her. I 1952 fekk busetnaden Semjonovka innvilga bystatus og fekk det nye namnet, Arsenjev, etter Vladimir Arsenjev, ein utforskar av det fjerne austen, vitskapsmann, utforskar og forfattar, som vitja Semjonovka i 1912.
Næringsliv og økonomi[endre | endre wikiteksten]
Dei største verksemdene i byen er Askold og Progress, som hovudsakleg produserer forsvarsrelaterte produkt. På grunn av mindre etterspurnad etter militære produkt har produksjonen vorte redusert, noko som ein prøver å kompansere med eksport, mellom anna av helikopter frå Progress.
På grunn av fjella i området og gode snøforhold om vinteren er Arsenjev òg vorte eit senter for alpin skisport og det vert bygt ut infrastruktur i området med omsyn til dette.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Arsenjev» frå Wikipedia på bokmål, den 17. januar 2009.