Art Tripp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Art Tripp
Art Tripp Arkansas in 2006.jpg
Fødd 10. september 1944
Athens (Ohio)
Yrke musikar, trommeslagar, perkusjonist
Art Tripp på Commons

Arthur Dyer Tripp III (fødd 10. september 1944 i Athens i Ohio), òg kjend som Ed Marimba, Ted Cactus, Artie «With the Green Mustache» Tripp, er ein tidlegare musikar som er mest kjend for arbeidet sitt som perkusjonist med Frank Zappa og the Mothers of Invention og Captain Beefheart and the Magic Band. Han er i dag kiropraktor i Mississippi.

Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Tripp voks opp i Pittsburgh i Pennsylvania. Han byrja å spele trommer i fjerdeklassen i med skuleband, og på high school spelte han i bryllaup og skulefestar. Tripp studerte under Stanley Leonard, ein paukespelar i Pittsburgh Symphony Orchestra, som han lærte å spele andre perkusjoninstrument hos, som xylofon, pauke, marimba og mange andre.

I 1961 kom Tripp inn på Cincinnati College Conservatory of Music for å studere perkusjon. Den private læraren hans ved konservatoriet, Ed Weubold, var ein perkusjonist med Cincinnati Symphony Orchestra (CSO). Tripp vart fast medlem i CSO, og spelte med artistar som Igor Stravinsky, Isaac Stern, Leonard Rose, Jose Iturbi, Loren Hollender og Arthur Fiedler. I 1966 sendte US State Department orkesteret på ein 10 veker lang verdsturne. På denne tida spelte TRipp òg to sesongar som paukist i Dayton Philharmonic Orchestra, og i tillegg ein sesong i Cincinnati Summer Opera og Cincinnati Pops Orchestra. Han vart valt ut av avantgarde-komponisten John Cage til å arbeide med han på framføringar og arbeidsgrupper då Cage vart komponist ved Conservatory of Music.

Tripp gjekk ut i 1966 med ein bachelorgrad og i 1967 kom han inn på Manhattan School of Music i New York, hovudsakleg for å gjere ferdig mastergraden i musikk, men òg for å eksponere seg for moderne musikk. Læraren hans hadde tidlegare spelt pauker i Philadelphia Orchestra, Fred Hinger. Hinger spelte på den tida i Metropolitan Opera Orchestra.

Seinare karriere[endre | endre wikiteksten]

Det var i New York at Tripp vart introdusert for Frank Zappa av lydteknikaren Richard Kunc. Kunc fortalte Zappa om Tripp, som han sa hadde den bakgrunnen og erfaringa han trudde Zappa var på utkikk etter. Tripp møtte Zappa og spelte for han ved Apostolic Studio i Greenwich Village i New York. Tripp vart kort tid etter leigd inn for å spele med The Mothers of Invention og spelte inn sju album og fleire turnear i USA og Europa med bandet. Tidleg i 1968 reiste bandet frå New York etter å ha vore der i 18 månader, og slo seg ned i Hollywood. Eit år seinare avslutta Zappa Mothers for å spele inn musikk som soloartist. Tripp er med på to album som er samla frå innspelingane før the Mothers vart oppløyst: Burnt Weeny Sandwich og Weasels Ripped My Flesh, begge frå 1970.

Samstundes hadde Tripp diskutert prosjekt med ein av samarbeidspartnarane og venene til Zappa, Don Van Vliet (eller Captain Beefheart). han vart seinare med i Beefheart-gruppa The Magic Band. Samstundes spelte han òg med Chad Stewart og The Brotherhood of Man, spelte perkusjon på Smothers Brothers Summer Special, og fekk ei stilling i orkestergrava for musikalen Oh! Calcutta!.

Tripp valte å flytte nordover i California med The Magic Band. Her var han i fem år og spelte inn album og turnerte med bandet. I same perioden vart han spurt, men avslo, å spele for tidlegare Magic Band-medlem Ry Cooder og saksofonisten Ornette Coleman. Etter kvart førte konfliktar med Beefheart at resten av The Magic Band vart splitta for å skrive og øve inn ny musikk som var spelt inn på eit album sponsa av Jethro Tull-organisasjonen - i lag med trommeslagaren deira Barriemore Barlow og gitaristen Martin Barre - kalla Mallard.[1] Tripp hadde på den tida blitt lei musikkarrieren og reiste heim til Pittsburgh for å arbeide i eit forsikringsfirma med faren.

Tre år seinare vendte Tripp attende til musikken. Han drog attende til Los Angeles der han budde i lag med tidlegare Mothers-medlemmane Ian Underwood og Ruth Underwood, som òg spelte mykje med Zappa, medan han arbeidde som studiomusikarar for artistar som Al Stewart og forskjellige reklameprodusentar. Studioarbeidet mangla derimot tiltrekkinga som turnelivet hadde, og igjen mista han interessa for musikk.

Medan han var i Los Angeles måtte han ha behandling hos ein kiropraktor. Legen han gjekk til, dr. Joel Hanson, tilrådde Tripp om å bli kiropraktor. Han byrja på studiet i 1978 og fekk lisens til å praktisere yrket i 1983 og opna ein klinikk nær Eureka, CA. I 2000 flytta han føretaket til Gulfport i Mississippi, der han behandlar pasientar i dag.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Art Tripp i Chicago i 1968.

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Prato, Greg. «Biography: Mallard». Allmusic. Henta 29. mai 2014. 

Intervju[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]