Artemisia II av Karia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Artemisia II av Karia

Kvinnestatue frå Mausoleet ved Halikarnassos som tradisjonelt blir rekna for å framstilla Artemisia
GreskἈρτεμισία
Død350 f.Kr.
DødsstadHalikarnassos
Gift medMausollos
DynastiHecatomnids
FarHecatomnus
BornPixodarus

Artemisia II av Karia (død 350 f.kr) var ei kongeleg kvinne og herskar av Karia i Anatolia i antikken. Ho var syster, hustru og etterfølgjar av satrapen Maussolos av Halikarnassos. Etter at broren og ektefellen hennar døydde, styrte ho sjølv frå 353 til 351 f.Kr. Styret hennar følgde dei same prinsippa som det til ektemannen hennar. Ho støtta såleis det oligarkiske partiet på øya Rhodos.[1][2]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Artemisia og Maussolos var barn av Hekatomnos, som var satrap av Karia og døydde rundt 395 f.Kr.

Artemisia gjer seg klar til å drikka oska etter broren og mannen sin, Mausolus. Måleri tilskrive Francesco Furini, ca. 1630.

Artemisia er kjend i historia for den ekstraordinære sorga si etter at mannen og broren hennar, Maussolos, var gått bort. Ho skal ha blanda oska hans i det daglege drikket sitt, og for gradvis å ha pint seg i hel dei to åra ho overlevde han. Ho nytta seg av dei mest framståande greske retorikarar til å hylle hans pris i talane sine. For å verna minnet hans bygde ho eit mektig og majestetisk monument i Halikarnassos som vart lista opp av Antipatros av Sidon som eit av dei sju underverka av den antikke verda. Namnet på monumentet vart seinare fellesnemning for alle strålande gravmonument (mausoleum, μαυσωλεῖον).[3][4][5][6][7][8]

Ifølgje Plinius forska ho òg på plantar og lækjemiddel, og var opphav til namnet på planteslekta Artemisia.[9][10][11] Malariamedisinen artemisinin, som er vunner ut frå planten Artemisia annua, er også avleidd frå namnet til Artemisia II av Karia.[11]:1217

Mausoleum[endre | endre wikiteksten]

Skalamodell av mausoleet på Miniatürk i Istanbul

Mausoleet i Halikarnassos var ca. 140 meter i høgde og omgitt på alle fire hjørna av 36 marmorsøyler, ni på kvar av dei fire sidene. Desse vart pryda med skulpturelle relieff gjorde på kvart hjørne av fire kjende greske skulptørar. Vestsida vart gjort av Leochares, nordsida vart gjort av Bryaxis, austsida av Skopas frå Paros, og det gjenverande hjørnet vart gjort av Timotheus. Ein femte kunstnar ved namn Pteron vart innkalla etter Artemisias død. Han krona det eksisterande storslåtte monumentet med ein pyramideforma kuppel som var like høg og som inneheldt 24 trinn. Ein sjette skulptur ved namn Pythios la til det samla kunstverket på toppen av monumentet ei skulpturgruppe i marmor beståande av stridsvogn trekt av fire hestar. Artemisia sjølv rakk aldri å sjå fullføringa av det mektige monumentet.

Andre monument[endre | endre wikiteksten]

Eit anna berømt monumentet vart reist av henne på Rhodos for å feira erobringa hennar av øya. Dei rhodesiske innbyggjarane, etter at dei gjenvann fridommen sin, gjorde det utilgjengeleg, og av den grunnen vart det seinare kalla for Abaton (gresk άβατον; frå α, 'ikkje' og βαίνω, 'å trø'), eit generelt omgrep for det som er utilgjengeleg.[12]

Seinare i populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

Artemisia er referert i 12 Days, ein amerikansk teikneserien i mangastil av June Kim. Han handlar om ei kvinne som sørgjer over den tidlegare kjærasten sin ved å drikka oska hennar i fruktdrikk.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Diodorus Siculus: Bibliotheca, xvi. 36, 45
  2. Demosthenes: Taler, «Om friheten til rhodesierne», 11, 27 (engelsk)
  3. Cicero: Tusculanae Disputationes, iii. 31
  4. Strabon: Geografi, xiv. 2
  5. Aulus Gellius: Noctes Atticæ, x. 18
  6. Plinius den eldre: Naturalis Historia, xxv. 36, xxxvi. 4
  7. Valerius Maximus: Facta et dicta memorabilia, iv. 6
  8. Suda: oppslagsordet «Artemisia», «Mausolos»
  9. «Artemisia II». Etymology. Encyclopedia Britannica. article 9009683. Henta 7. juni 2012. 
  10. Comstock, John Lee (1833). An Introduction to the Study of Botany (på engelsk). D.F. Robinson & Company. s. 175. «In which the science is illustrated by examples of native and exotic plants: Designed for the use of schools and private students.» 
  11. 11,0 11,1 «Artemisinin». Etymologia. Emerging Infectious Diseases (Centers for Disease Control) 20 (7): 1217. July 2014. PMC 4073852. doi:10.3201/eid2007.ET2007. Henta 4 July 2014. 
  12. Vitruvius: De architectura, ii. 8

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Smith, William (red.) (1867): «Artemisia (2)», Dictionary of Greek and Roman Biography and Mythology, Boston
  • Boccaccio, Giovanni (2001): Famous Women, omsett til engelsk av Virginia Brown, Harvard University Press; ISBN 0-674-01130-9. s. 115–118

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]