Arteria carotis communis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Prinsippskisse over aortas øvre del med fråførande kar. Pila viser blodstraumen frå hjartet. 1: aorta 2: truncus brachiocephalicus 3: arteria subclavia dextra 4: a. carotis communis dextra 5: a. carotis communis sinistra 6: a. subclavia sinistra.
I røynda ligg ikkje aortabogen og dei fråførande kara i same planet. Bogen går forfrå og bakover mens kara er ordna frå side til side.
A. carotis communis og a. carotis interna. A. carotis externa er skore over.

Arteria carotis communis er to pulsårar som forsyner hovud og hals. På halsen delar ho seg i ei ytre og ei indre åre; a. carotis externa og a. carotis interna. Når ein av og til høyrer berre carotis er det som regel a. carotis externa der er tale om. Dette er ein god plass å kjenne pulsen. Carotis interna gjev blodforsyning til hjernen, carotis externa forsyner hals og ansikt.

Åra finst på høgre og venstre side av kroppen. Den høgre åra går av frå truncus brachiocephalicus som går av frå hovudpulsåra som det første store karet, den venstre går direkte av frå hovudpulsåra som det andre karet.

Det er samband mellom kara på fleire nivå, slik at dersom det eine blir stengt kan blodet ta omvegen om det andre. Det finst ein viss normalvariasjon i avgang og forløp av kara.