Artes Liberales

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Artes Liberales (Latin: frie kunster), er den klassiske nemninga på dei sju vitskapane ein laut kunne ved eit universitet i mellomalderen. Nemninga er omsett frå gresk, der det vart tala om Enkyklikos Paideia (Fagkrinsutdanning). Den romerske filosofen Varro hadde i si tid sett opp ni grunnleggjande fag det var krav om å meistre. Boethius grensa av desse til sju tidleg på 500-talet. Før han hadde og Augustin vore inne på tanken.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Dei sju "artes" var delt i to hovudbolkar: Quadrivium (fire), og Trivium (tre). Dei fire quadrivia vart rekna som dei gjævaste, av di dei tok føre seg "himmelske" fag: Astronomi, Geometri, Aritmetikk og musikk. Desse fire var alle matematiske og teoretiske. I mellomalderen var musikkteori eit opphøgd fag, ikkje praktisk utøving av musikk. Desse fire er første gongen fastsette i Platons hovudverk Staten.

Dei tre trivia-kunstane var meir handverksprega: grammatikk, dialektikk og retorikk. Desse hadde mykje med øving i skrift, formidling og talekunst å gjera.

Desse sju gjekk opp i filosofi og skolastikk som ei høgare eining. Utover i mellomalderen kom disiplinen musikk til å skifte ståstad, og opp mot renessansen vart praktisk utøving av musikken meir sett saman med retorikken, slik at musikken fjerna seg frå Quadrivium og vart meir "triviell".