Arthurøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Plasseringa til Frans Josefs land

Arthurøya (russisk Остров Артура, Ostrov Artura) er ei øy i Frans Josefs land i Russland. Ho høyrer administrativt til Arkhangelsk oblast.

Arthurøya ligg i Nordishavet nord for Zemlja Georga, relativt langt frå andre øyar. Ho har eit areal på 111 km² og er 275 meter over havet på det høgaste.

Arthurøya er nesten heilt dekt av isbrear. Berre eit lite område nordvest på øya (Mys Ledovoj Razvedkij) og eit anna punkt heilt sør på øya (Mys Nizkij) er isfrie.

Øya er kalla opp etter Arthur Montefiore Brice, eit medlem av Geological Society og sekretær under Jackson-Harmsworth Polar Expedition.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 81°08′N 50°41′E