Arthur Barrow
Arthur Barrow | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 28. februar 1952 (72 år) San Antonio |
Yrke | musikar, multiinstrumentalist, komponist |
Språk | engelsk |
Arthur Barrow (fødd 28. februar 1952) er ein amerikansk multi-instrumental musikar, mest kjend for ein periode som bassgitarist for Frank Zappa seint i 1970-åra og tidleg i 1980-åra.
Han lærte seg først å spele gitar ved å lytte til andre musikarar, særleg surfemusikk, og sidan Jimi Hendrix og Frank Zappa. Sidan lærte han seg å spele orgel og bassgitar, og var særleg interessert i elektronisk musikk.
I 1975 flytta han til Los Angeles for å bli profesjonell musikar og hovudmålet hans var å bli med i bandet til Frank Zappa. Han møtte Robby Krieger i 1976 og spelte synthesizer med The Doors på albumet American Prayer. Han skipa ei jazzgruppe med Bruce Fowler og Don Preston kalla Loose Connection mot slutten av 1970-åra. Sommaren 1978 prøvespelte han for Zappa og kom med i bandet.
Tidleg i 1980-åra skreiv han musikk i lag med og spelte med Robby Krieger. Dei hadde eit band i lag ein kort periode kalla Red Shift. Han byrja å arbeide med Giorgio Moroder i midten av 80-åra på album og filmmusikk, mellom anna Scarface og Top Gun. Han spelte òg klaverinstrument, programmering, bass og arrangement for ei rekkje artistar som Joe Cocker, Diana Ross, Billy Idol, Berlin, The Motels og andre.
Han har skrive og gjeve ut tre soloplater og arbeider for tida på eit fjerde.
Utvald diskografi
[endre | endre wikiteksten]Frank Zappa
[endre | endre wikiteksten]- Joe's Garage
- You Are What You Is
- Tinseltown Rebellion
- Shut Up 'n Play Your Guitar
- The Man From Utopia
- Ship Arriving Too Late to Save A Drowning Witch
- Thing-Fish
- Them or Us
- You Can't Do That on Stage Anymore (select tracks on Volumes 1, 4 and 6)
- We're Only in it For the Money (overdubba bass 1983)
- Cruising With Ruben & the Jets (overdubba bass 1983)
- Guitar (to spor spelt inn 1979)
- Buffalo
- Trance-Fusion (1979)
- Any Way the Wind Blows [autorisert bootleg]
- Saarbrücken 1978 [autorisert bootleg]
The Doors
[endre | endre wikiteksten]Robby Krieger
[endre | endre wikiteksten]- Versions
- Door Jams
- No Habla
- Robby Krieger
Andre artistar
[endre | endre wikiteksten]- Joe Cocker - 9½ Weeks (filmmusikk) - «You Can Leave Your Hat On»
- Joe Cocker - Teachers (filmmusikk) - «On the Edge of a Dream»
- Billy Idol - Charmed Life. klaverinstrument, Bass, Arrangør.
- Diana Ross- «Touch By Touch» (Swept Away). medlåtskrivar, klaverinstrument, bass, arrangør.
- Janet Jackson - Dreamstreet. Medlåtskrivar på tittelsporet
- Keith Emerson - Musikalsk transkripsjon og uutgjevne innspelingar. Bass
- Jon Larsen/Tommy Mars - «Strange News From Mars»
- Jon Larsen/Tommy Mars - «Willie Nickerson's Egg» - a surrealistic audiobook.
- The Motels - Shock. klaverinstrument, Bass.
- Nina Hagen - Fearless. klaverinstrument.
- Berlin - Love Life - («No More Words» og «Dancing in Berlin»), Oscar-vinnande single frå «Top Gun»-albumet - «Take My Breath Away». klaverinstrument, Bass, Arrangør.
- Charlie Sexton - Pictures For Pleasure. klaverinstrument, Bass, Medlåtskrivar, Arrangør. 12" Remix av «Impressed».
- Scott Merrit - Violet and Black. Produsent, Arrangør, Bass, klaverinstrument.
- The Untouchables - Agent Double-O Soul. Produsent, Arrangør, Medlåtskrivar.
- Oingo Boingo - 12" Remix av «Stay»
- Mona Lisa Overdrive - Mona Lisa Overdrive. Artist, Medlåtskrivar, Arrangør, Produsent, Lydteknikar, klaverinstrument, Bass.
- Arthur Barrow - Music for Listening, Eyebrow Razor, AB3, On Time. Artist, låtskrivar, arrangør, produsent, lydteknikar, klaverinstrument, bass, gitar, perkusjon.
Filmar og fjernsyn
[endre | endre wikiteksten]Top Gun, Scarface, The Doors, The Breakfast Club, The Never Ending Story, Electric Dreams, Quicksilver D.C. Cab, Iron Eagle og The Twilight Zone.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Arthur Barrow» frå Wikipedia på engelsk, den 22. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Heimeside Arkivert 2009-04-03 ved Wayback Machine.
- United Mutations: Arthur Barrow
- http://home.netcom.com/~bigear/discogra.html Arkivert 2010-04-12 ved Wayback Machine.