Arthur G. Wright

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arthur G. Wright
Fødd15. mai 1937
Dødjuli 2015
OpphavUSA
Instrumentgitar
Verka sommusikar

Arthur George Wright (28. mai 19374. juli 2015) var ein USA-amerikansk R&B-studiogitarist, arrangør, plateprodusent og vokalist, stundom omtalt som Art Wright.

Han spelte i banda til artistar som Roy Milton, Sam Cooke, Don Julian og Johnny Otis.[1]

Frå 1960-åra arbeidde han som studiogitarist i Los Angeles, og spelte på Diana Ross sin «Love Hangover» og Thelma Houston sin «Don't Leave Me This Way». Han samarbeidde ofte med produsenten Hal Davis, og arbeidde med mange andre Motown-artistar i ein periode på meir enn tjue år, inkludert Smokey Robinson, The Supremes, The Jackson 5, Stevie Wonder, Marvin Gaye og The Temptations, i tillegg til andre musikarar som Ray Charles, Friends Of Distinction, The Righteous Brothers, Mel Brown, Jerry Butler, Donna Summer, Ike & Tina Turner og Billy Preston. Det er estimert at han som musikar eller arrangør har medverka på over 5000 innspelingar totalt.[1][2][3]

Han var medlem av studiobandet Afrique seint i 1960-åra.[4] 1978 leia han sitt eige band, The Wright Brothers Flying Machine, som gav ut eit album på Casablanca Records.[2][3][5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]