Arthur J. Rees

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arthur John Rees
Nasjonalitet britisk/australsk
Fødd 23. september 1872
Melbourne i Australia
Død

22. november 1942 (70 år)
West Sussex i Storbritannia

Yrke Forfattar/journalist
Periode 1913-1940
Sjanger Kriminallitteratur, fantasy-litteratur
Debut 1913

Arthur John Rees (fødd 23. september 1872 i Melbourne i Australia, død 22. november 1942 i West Sussex i Storbritannia) var ein australsk forfattar av kriminal- og fantasybøker.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Arthur J. Rees vart fødd i forstaden St. Kilda i Melbourne i Australia, og var ei kort tid journalist i avisa The Age i heimbyen før han utvandra til New Zealand og fekk arbeid i staben til The New Zealand Herald. Under den første verdskrigen var han korrespondent for London Times, så flytta han permanent til London på 1920-talet og skreiv regelmessig artiklar for Evening Standard.[1] Rees budde siste del av livet i Worthing i West Sussex, der han døydde i 1942.[2]

I 1913 gav han ut den første boka si, ein eventyrroman, The Merry Marauders, som skildrar ein uhellsråka omreisande teatertrupp på New Zealand først på 1900-talet. I 1916 kom den første av to kriminalromanar han skreiv i samarbeid med John Rea Watson, og med inspektør Crewe som hovudpersonen.

Deretter skreiv han åleine fleire detektivseriar. David Colwyn, ein anglo-amerikansk privatetterforskar, er hovudpersonen i mystiske skrekkforteljingar, som The Shrieking Pit (1919), ei forteljing som er stadsett i ein liten isolert hamneby i Norfolk.

Dei åtte sakene til inspektør Lucraft i Scotland Yard er sette opp i den meir konvensjonelle «kven gjorde det»-stilen. I Simon of Hangletree (1926) møter Luckraft karakteren Colwin Gray, som sjølv er helten i to romanar og i ei samling på ti noveller. Somme av bøkene hans er omsette til tysk og fransk.[2]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

[3]

Politiserien, inspektør Crewe:

  • The Hampstead Mystery (1916), i samarbeid med John Rea Watson.
  • The Mystery of the Downs (1918), i samarbeid med John Rea Watson.

David Colwyn detektiv-serie:

  • The Shrieking Pit (1919)
  • The Hand in the Dark (1920)

Politiserien, inspektør Luckraft:

  • Island of Destiny (1923)
  • Simon of Hangletree (1926), karakteren Colwin Gray viser seg første gong i denne romanen.
  • The Pavilion by the Lake (1930)
  • The Tragedy of Twelvetrees (1931)
  • The River Mystery (1932)
  • Aldringham's Last Chance (1933)
  • The Corpse That Traveled (1938)
  • The Single Clue (1940)

Politiserien, Colwin Gray:

  • The Threshold of Fear (1925)
  • Greymarsh (1927)

Andre romanar:

  • The Merry Marauders (1913)
  • The Moon Rock (1922)
  • Cup of Silence (1924)
  • The Unquenchable Flame (1926)
  • The Finger of Death (1926)
  • Love Me Anise (1928)
  • The Brink (1931)
  • The Swaying Rock (1931)
  • Peak House eller Mystery at Peak House (1933)
  • The Flying Argosy (1934)

Novellesamling: The Investigations of Colwin Grey (1932)

Andre utgjevingar

  • Old Sussex and Her Diarists(1929)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]